Europe '72

Europe '72
Konsertalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve november 5, 1972 (1972-11-05)
Innspelt April og mai 1972
Sjanger Rock
Lengd 1:49:35
Selskap Warner Bros.
3WX 2668
Grateful Dead-kronologi 
Grateful Dead
(1971)
Europe '72 History of the Grateful Dead, Volume One (Bear's Choice)
(1973)


Singlar frå Europe '72
  1. «Sugar Magnolia»
    Utgjeve: Desember 1972[1]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideB+[3]
Rolling Stone(positiv)[4]

Europe '72 er eit tredobbelt konsertalbum av Grateful Dead, gjeve ut i november 1972. Det dekkjer turneen til bandet i Vest-Europa i april og mai det året og består av konsertfavorittar, lange improvisasjonar o fleire nye songar, som «Jack Straw» og «Brown Eyed Women». Albumet var det første med pianisten Keith Godchaux og kona Donna Jean Godchaux, og det siste med det opphavlege medlemmet Ron «Pigpen» McKernan, som døydde kort tid etter albumet kom ut. Fleire av songane der han song solo vart ikkje spelte meir av bandet etter dette.[5]

Den europeiske turneen var dyr og logistisk komplisert, og plateselskapet til bandet håpte at eit konsertalbum ville dekkje inn kostnadane. Heile turneen vart derfor fanga på lydband og høgdepunkta kom ut på dette albumet. Europe '72 var eit av dei bestseljande albuma til Grateful Dead. Det var det første tredoble rockealbumet som selde til gullplate i USA og har med tida selt til dobbel platinaplate. Eit andre volum kom ut i 2011 i samband med utgjevinga av alle dei 22 konsertane på turneen som Europe '72: The Complete Recordings.

Europe '72 nådde 24. plassen på Billboard-lista.[6]

Ei redigert utgåve av «Sugar Magnolia» frå albumet kom ut på singel i lag med «Mr. Charlie» som B-side.

  1. «Grateful Dead : Sugar Magnolia». 45cat.com. Henta 16. juli 2018. 
  2. Planer, Lindsay. «Europe '72». AllMusic. Henta 2. juni 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. Dupree, Tom (4. januar 1973). «Europe '72 review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. juli 2015. Henta 2. juni 2019. 
  5. «The Strand Lyceum – 26. mai 1972». dead.net. Henta 2. juni 2019. 
  6. «Album Cover – Europe '72 LP Front». dead.net. Henta 2. juni 2019. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search